Premiefest og nattløp 28.10
Postet av Førde Idrettslag den 25. okt 2026

Onsdag 28. oktober vert det premiefest for orienteringssesongen 2026 på FIL-huset i Hafstadparken. Premiefesten startar kl 18.30. Her vert det premiering for deltaking i nærløpa, lagsmeisterskap og turorientering. Servering av saft, kaffi og kaker. Info om Fjord-O 2028. Utlodding.
Premieliste som var lagt ut var ikkje oppdatert. Kjem ny.
Før premiefesten startar, vert det nattløp i Hafstadparken med start frå kl 1730. Garderober i FIL-huset. Ta med lomme-/hovudlykt. Løyper for alle, born gjerne i lag med vaksne.
Løypelengder: Nybyrjarløype 1,0 km, litt vidarekomne 1,4 km, for erfarne B-løype på 1,9 km og A-løype på 2,9 km. Løypene går mest på gras, grusveg og asfalt. A og B løypene går litt innom skog område.
Oppfordrar flest mogeleg til å melde seg på via Eventor, men det er og mogeleg å melde seg på ved frammøte.
NB! Fredag 30. oktober planlegg ein Hall-O-ween for dei yngste i Hafstadparken. Les meir her:
Hall-O-Ween 2026
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Nattorientering 21. oktober
Postet av Førde Idrettslag den 19. okt 2026

Nattorientering onsdag 21. oktober. Start kl 19.00. Arena: rasteplassen ved Bulingstjørna langs vegen mot Holsen, merka frå Moskog. Løyper A 3,5 km, B 2,6 km og C 1,5 km. Kart Ulvedalane, målestokk 1:7500.
Løpet er også lagsmeisterskap i nattorientering for Førde IL Orientering, men sjølvsagt mogeleg for løparar frå andre klubbar å vere med.
Set pris på påmelding på Eventor innan kl 14.00 på løpsdagen, men også mogeleg å melde seg på ved frammøte. Velkomen!
Førde IL Orientering sine støttespelarar:
#specsavers - #dale rør - #spar førde - #SpareBank1 Sogn og Fjordane - #naustdal dampbakeri - #enivest
Nattorientering 14. oktober
Postet av Førde Idrettslag den 12. okt 2026

Nærløp nattorientering onsdag 14.10 kl.19:30 på Langelandsåsen. Oppmøte ved nordenden av Langelandsvatnet, parkeringa på austsida av E39 (der ein går inn til Hundsrasta). Løypelengder: A 3,5 km, B 2,0 km og C 1,3 km. Første start kl 19.30. Ingen får starte etter kl 20.00.
Set pris på påmelding via Eventor. Også høve for påmelding ved frammøte. Velkomen!
O-galla / kompetansehelg
Postet av Førde Idrettslag den 7. okt 2026

Norges Orienteringsforbund inviterer til o-galla / kompetanehelg 31. oktober - 1. november 2026 på Gardermoen.
Spennande innhald. Om nokon frå Førde IL Orientering har lyst til å vere med for å hente inspirasjon til aktivitet i vår klubb, er det mogeleg. Klubben dekker reise og opphald. Skulle det vere mange som har lyst, må vi gjere ei prioritering :) Kan du tenke deg å vere med, ta ein telefon til Knut Even Hole, tlf. 902 01 994, før du melder eg deg på. Det er kort påmeldingsfrist, men stor sjanse for at den blir utsett.
Her finn du heile programmet: program-kompetansehelg-nof-2026.pdf
Natt-o-løp Langeland 7.10.
Postet av Førde Idrettslag den 5. okt 2026

Velkomen til Nattorientering onsdag 7. oktober frå Langeland skisenter.
A-løype vert 3,5 km, B-løype vert 2,2 km og C-løype 1,6 km.
Oppmøte på nedsida av Skihuset med tilgang til garderoben der.
Start kl 19.30, eller når det er mørkt nok.
Minner også om INFO om natt-løpa som ligg på Eventor.